Opningstider påsken 2024

Måndag 25. mars: 09-15
Tysdag 26. mars: 09-15
Onsdag 27. mars: 09-12

Skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, 1. påskedag og 2. påskedag er telefonen stengd. 

Kva er informasjonstelefonen?

Mange pårørande opplever ein krevjande situasjon og har ei rekkje spørsmål når ein familiemedlem blir varetektsfengsla, sonar ein fengselsdom eller gjennomfører straff i samfunnet. 

Det kan også vere at du som skal inn i fengsel eller gjennomføre straff i samfunnet, har spørsmål om straffegjennomføringa.

Føremålet med informasjonstelefonen er å hjelpe på dette behovet for informasjon. Døme på spørsmål kan til dømes vere:  

  • Kva inneber ein fengselsdom? 
  • Kva slags straffegjennomføringsformer finst? 
  • Kven kan sone med fotlenkje?
  • Kva for rettar har eg som pårørande?
  • Bør eg fortelje barnet at pappa eller mamma er i fengsel?
  • Kva er reglane for å sende brev til innsette?

Dei som jobbar ved pårørandetelefonen, kan også vere ein samtalepartnar med pårørande i ein vanskeleg situasjon.

Pårørandetelefonen skal ikkje svare på spørsmål knytte til einskilde innsette eller ha spesifikk kunnskap om einskilde fengsel. Ved særskilt behov, vil pårørande visast vidare til aktuelle einingar.