Tilsynsrådet kan føre tilsyn ved alle sider av straffegjennomføringa som fell inn under ansvarsområdet til kriminalomsorga. 

Kontakt regionadministrasjonen i det aktuelle området for informasjon om kven som er medlemer av tilsynsråda. 

Medlemene i tilsynsråda har inga tilknyting til Kriminalomsorga og er dermed heller ikkje underlagde instruksjonsmyndet til kriminalomsorga. 

Behandling av saker

Tilsynsrådet kan ta opp saker etter førespurnad frå dei domfelte eller innsette, eller dei kan ta opp saker på eige initiativ. Tilsynsrådet har rett til å snakke med domfelte og innsette dersom dei domfelte eller innsette sjølv ønskjer det.

Medlemene i tilsynsrådet har rett til å inspisere fengsla og friomsorgskontora sine område, bygningar og rom der dei domfelte eller innsette oppheld seg.

Tilsynsrådet kan også vurdere interne rutinar ved einingane som gjeld behandlinga av domfelte eller innsette; som til dømes tidspunkt for innlåsing, lufting og tilgang til fellesskap. Vidare kan tilsynet omfatte saksbehandlinga og forvaltningspraksisen i einingane.

Tilsynsrådet kan likevel berre få innsyn i konkrete saker dersom vedkomande domfelte eller innsette samtykkjer. Ein prøver å løyse sakene på lokalt nivå. Dersom dette ikkje fører fram eller tilsynsrådet finn grunn til å ta saka opp med overordna myndigheit, blir saka send til regionalt nivå.

Ved utgangen av kvart år sender tilsynsrådet årsmelding frå arbeidet ved det einskilde fengselet og friomsorgskontoret til regionen. Denne blir send vidare til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) med fråsegn frå direktør på regionalt nivå.

Om samansetning av råda

Fylkesmennene føreslår, etter førespurnad frå Justis- og beredskapsdepartementet, medlemer og varamedlemer frå dei respektive fylka. Justis- og beredskapsdepartementet oppnemner leiar, nestleiar, medlemer og varamedlemer av tilsynsråda. Det bør oppnemnast minst to medlemer og éin varamedlem frå kvart fylke. Fuksjonstida til råda er to år.