Nye sosiale miljø

For å lette vegen tilbake til eit lovlydig liv, kan det vere nødvendig å halde seg borte frå enkelte vener og kjende og satse på nye kontaktar og miljø. Medlemer i frivillige organisasjonar kan gå inn som brubyggjarar til normalsamfunnet. 

Eit sentralt verkemiddel for å lette integrasjonen i sosialt stabile miljø er å opprette kontakt med medarbeidarar utanfor kriminalomsorga som på frivillig grunnlag kan hjelpe domfelte.

Viktig med frivillige

Denne innsatsen dei frivillige organisasjonane gjer gjennom besøksteneste og aktiviseringstiltak, er viktig for å få til ei god straffegjennomføring. Det motiverer og fremjar ferdigheiter, det integrerer dei innsette i aktive fritidsmiljø, og det stør opp om andre faglege tiltak som skjer i kriminalomsorga.

Post 70-midler - tilskotsordning for frivillige og ideelle organisasjonar

Justis- og beredskapsdepartementet stiller kvart år midlar til disposisjon over Tilskotsordning for frivillige og ideelle organisasjonar aktive på kriminalomsorga sitt verksemdsområde, dei såkalla Post 70-midlane. Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) har ansvaret for forvaltning av desse midlane.

Søknadsfristen er 1. desember kvart år.