Derfor skal kriminalomsorga leggje til rette for minst mogleg skadeverknader av varetektsfengslinga.

Så lenge varetektsinnsette ikkje er underlagde brev og besøksrestriksjonar, eller heil/delvis isolasjon, kan dei ha samvær med andre innsette og delta i arbeid, skule og fritidsverksemd så langt det er praktisk mogleg.

Den varetektsfengsla har, på grunn av sin spesielle status, ikkje aktivitetsplikt i fengsel på linje med domsinnsette. Deltaking i arbeid, undervisning eller andre aktivitetar skjer derfor på frivillig basis.

Det finst ikkje eigne fengsel for varetektsinnsette. Så langt det er praktisk mogleg, skal varetektsinnsette tilbydast kontaktbetjent. Det skal også prioriterast andre tiltak overfor varetektsinnsette som er underlagde isolasjon.

Førebyggje skadar ved isolasjon

Fengselet skal leggje forholda til rette for å hjelpe på negative verknader av isolasjon.