Kven kan få fotlenkje?

Dersom du skal gjennomføre opp til seks månaders fengselsstraff eller har seks månader att til forventa lauslating og har gjennomført 1/3 av den ubetinga dommen, kan du søkje om fotlenkje; straffegjennomføring med elektronisk kontroll.

Den som gjennomfører straff med fotlenkje, gjennomfører ubetinga fengselsstraff. Derfor vil ein vere underlagt eit kontrollregime som skal vareta rammene for kontroll som ligg til fengselsstraffa.

Sysselsetjing og kontroll

Når ein sonar med elektronisk kontroll, må ein vere i arbeid, gå på skule, studere eller ha anna form for sysselsetjing. Når ein ikkje er på arbeid, studerer eller liknande, skal ein vere heime.

Fotlenkja rundt ankelen registrerer om ein er heime eller ikkje. Fotlenkja er i kontakt med ein mottakar som kriminalomsorga installerer i heimen. Ein skal ha fotlenkja på seg heile tida, og dersom ein tek henne av, blir ein alarm utløyst.

Ordninga skal leggje til rette for at du får høve til å vareta dei sosiale og økonomiske forpliktingane dine under straffegjennomføringa.

Søkje om fotlenkjesoning

Du må sjølv søkje om fotlenkjesoning. Du søkjer via kriminalomsorgs elektroniske sjølvbeteningssystem med bank-ID. 

Dersom du ikkje har bank-ID, kan du søkja på papir. 

Ferdig utfylt skjema sender du til regionkontora for kriminalomsorga for det fylket du tilhøyrer.

Bur du saman med ein domfelt som ønskjer fotlenkje?

Dersom du er over 18 år og bur saman med domfelte, vil du bli beden om å samtykke til straffegjennomføringa. Det er laga eit informasjonsbrev som kan gje deg eit betre grunnlag for å bestemme deg for om du ønskjer å samtykke til at den du bur saman med, får gjennomføre straffa i dykkar felles bustad.

Straffegjennomføring med fotlenkje for varig soningsudyktige (EKVAS)

EKVAS skal bidra til at domfelte med alvorlege og godt dokumenterte helseproblem, som kriminalomsorga og helsetenesta ikkje kan vareta på ein tilstrekkeleg måte under straffegjennomføring i fengsel, overgangsbustad eller institusjon, likevel skal kunna gjennomføra ei fengselsstraff. 

Gjennomføringstida for EKVAS har ingen øvre grense.