Det er den regionen der domfelte har bustadadresse som er ansvarleg for at straffegjennomføringa startar opp og for å treffe vedtak om val av fengsel eller friomsorgskontor.

Region avgjer fengsel eller friomsorgskontor

Det er politidistriktet som sender dommen og saksdokument til regionen for tilvising av fengselsplass eller friomsorgskontor. Når regionen har gjort vedtak om val av fengsel eller friomsorgskontor, er det leiaren av fengselet eller friomsorgskontoret som fastset når straffa skal gjennomførast.

Domfelte skal setjast inn i fengsel der ein ventar at straffa kan gjennomførast på føremålstenleg måte. Det som vil telje inn, er til dømes domslengd, kva type kriminalitet som den domfelte er dømt for og historikken til domfelte.

Informasjonsfilm om innkalling til soning i fengsel

Utan fast bustad

Dersom den domfelte er utan fast bustad, er det den geografiske plasseringa av det NAV-kontoret der domfelte er registrert som aktiv brukar, som er avgjerande for kva region som er ansvarleg.

Dersom den domfelte ikkje er registrert som brukar ved noko sosialkontor, er plasseringa av det politidistriktet som har behandla straffesaka, eventuelt hovudtyngda av straffesakene, avgjerande.