Permisjon, frigang og framstilling
Varetektsinnsette kan ikkje gjevast frigang, permisjonar eller liknande som inneber å opphalde seg utanfor fengselet uten tilsyn. Grunngjevinga for dette er at dei grunnane som kvalifiserer til varetektsfengsling, i seg sjølv inneber at utgangar utan tilsyn ikkje blir rekna som forsvarleg når det kjem til tryggleiken.
Varetektsinnsette kan likevel innvilgast framstilling dersom viktige velferdsgrunnar tilseier det. Døme på slike velferdsgrunnar kan vere lege/tannlegebesøk, viktige hendingar i nær familie som dødsfall, bryllaup, konfirmasjon mv. Framstillingar av varetektsinnsette kan gjennomførast av polititenestemenn og av tenestemenn frå fengselet.
Helse og sosiale tenester
Varetektsinnsette har høve til å få besøk av og la seg behandle av sin eigen lege eller tannlege dersom det er rimeleg grunn til det.
Føreskriving av medisinar skal skje i samråd med fengselshelsetenesta. Varetektsinnsette har rett til å nytte seg av eigne pengar når det er samsvarande med ro, orden og tryggleik i fengslet. Ved deltaking i fellesskap med andre innsette kan retten til å bruke eigne pengar avgrensast.