Det skal hentast inn vurdering/fråsegn frå lege om helsetilstanden til den domfelte og om han eller ho er venta å vere i stand til å gjennomføre straffa i anna eller mindre restriktiv gjennomføringsform.

Straffegjennomføring skal heller ikkje startast dersom domfelte på tidspunktet for innsetjinga er vorten alvorleg sinnslidande. Dette gjeld uavhengig av om det er fremja søknad om utsetjing av straffegjennomføringa. 

Gravide eller har nyleg født

Kvinner som er gravide eller som har født for mindre enn seks veker sidan, fyller vilkåra for utsetjing av straffegjennomføringa. Det same gjeld kvinner som ammar barnet sitt med mindre det er gått minst ni månader siden fødselen.

Domfelte kan likevel takast inn til straffegjennomføring dersom ho sjølv ønskjer det og leiar av fengsel og eventuell verje samtykkjer i det. Fråsegn frå fengselslegen eller offentleg lege skal hentast inn på førehand eller så snart som mogleg etter innsetjinga.