Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS er kompetansesenter for kriminalomsorga og bidreg gjennom forsking, evaluering og rettleiing til ei kunnskapsbasert utvikling av etaten. Forskingsresultata blir formidla gjennom utgjeving i KRUS' eigne publikasjonsseriar, eksterne tidsskrifter og publikasjonar eller ved føredrag, rettleiing og seminar.

KRUS har etablert CORA, eit institusjonelt arkiv for faglege og vitskaplege arbeid i fulltekst. Arkivet inneheld vitskaplege artiklar, forskingsrapportar, skriftseriane og utvalde medieklipp. 

Ekstern forsking

Det blir kvart år også gjort ekstern forsking på kriminalomsorga.

I "Retningslinjer for behandling av søknader om forskning i kriminalomsorgen" strekar ein under kor viktig det er å leggje til rette for auka forsking om kriminalomsorga. Dette med sikte på å gje etaten sjølv og samfunnet elles informasjon og ny kunnskap.

Retningslinjene peikar også på at kriminalomsorga skal strekkje seg etter openheit og innsyn når det gjeld forsking. Det er regionane innanfor kriminalomsorga som er ansvarlege for å avgjere og gje løyve til forskingssøknader.