Det er mange fordelar ved å gjennomføre straff i samfunnet. Det fører ikkje til brot i den domfelte sitt liv, slik at utdanning og deltaking i arbeidsliv kan skje som før. Eit anna viktig argument er forholdet til familie, ektefelle og barn.
Å gjennomføre straff i samfunn kan auke sjansane for eit liv utan kriminalitet etter gjennomført straff. Det er likevel viktig at bruk av alternative straffereaksjonar ikkje fører til ei unødig belastning for offer, pårørande, samfunnet eller for den domfelte sjølv. Det er ein føresetnad at samfunnstryggleiken heile tida skal vere vareteken.
Det er friomsorgskontora til kriminalomsorga som har ansvar for gjennomføringa av straff utanfor fengsel. Friomsorga har også ansvaret for å gjennomføre personundersøking og eventuelt møteplikt etter prøvelauslating.