Straffereaksjonen er for deg som:

  • elles ville ha vorte dømt til fengsel utan vilkår for å ha køyrt ruspåverka og
  • har problem med alkohol eller andre rusmiddel, eller
  • har eit mindre omfattande rusmiddelproblem, men eit problematisk forhold til bilkøyring og rusmiddel.

Korleis gjennomfører ein straffa?

I staden for å sone i fengsel gjennomfører ein straffa ved ditt lokale friomsorgskontor.

Gjennomføringstida varer som oftast i 10 månader, og inneber:

  • individuelle samtalar ca. kvar 14. dag. Innhaldet i samtalane skal tilpassast ditt behov.
  • gruppesamlingar som utgjer totalt mellom 20 og 30 timar, og blir gjennomførte i eit tidsrom på to til tre månader.
  • kartlegging av om du har eit behandlingsbehov og dermed rett til rusbehandling i spesialisthelsetenesta.

Mål med programmet

Målet er at du skal:

  • forstå kva som aukar risikoen din for ruspåverka køyring.
  • bli meir motivert til å ta andre val enn å køyre ruspåverka.
  • finne måtar å hjelpe deg sjølv på for å unngå ny ruspåverka køyring.

Er «Program mot ruspåverka køyring» aktuelt for deg?

Er «Program mot ruspåverka køyring» aktuelt for deg? Ta kontakt med advokaten din, politiet eller påtalemakta og be om å få gjennomført ei personundersøking. Den skal gje retten opplysningar for å kunne vurdere om du passar til å gjennomføre «Program mot ruspåverka køyring». Personundersøkinga blir gjort av friomsorgskontoret.

Brot på vilkår

Brot på vilkåra eller ny kriminalitet kan føre til at denne straffereaksjonen blir gjort om til fengsel utan vilkår.