Kor møter den dømde opp?

Den dømde møter opp ved det kontor vedkommande soknar og blir innkalla til. Vi har fast bemanning i Bergen, Odda og på Stord.

Korleis kjem ein til kontoret?

Hordaland friomsorgskontor i Allehelgensgate 2, ligg i hjartet av Bergen sentrum rett att med Politihuset. Lett tilgjengeleg med buss frå alle kantar, ikkje langt frå hurtigbåtterminal, Bystasjonen og togstasjon. Godt med parkeringsplassar i Bygarasjen eller i Klostergarasjen.

Kva for programverksemd driv kontoret?

Hordaland friomsorgskontor tilbyr enten i eigen regi eller ved innleige følgjande program:

  • Program mot ruspåvirka køyring
  • KICK-OFF. Eit 32 timars program som byggjar på ”tenkjetreningsteori”
  • Trygg trafikk. Eit kurs i regi av ”Trygg Trafikk” med fokus på sikkerheit og trygg adferd i trafikken.
  • Konfliktrådskurs. Eit kurs over 18 timar som skal gje auka forståing for korleis ein samhandlar.
  • Trappen motiveringssenter. Eit kurs med varigheit på 3 mnd. med moglegheit for forlenging med 3 mnd.   Oppfølging av rusavhengige som er eller har vore i behandling i og utanfor fengsel.
  • Lisa – Livsnøytrale samtalegrupper for deg som har problem med eiga eller andre sin rusbruk. Eigne gruppe for menn og kvinner.